Oppmøte fredag 27. august kl 18.30 på Holdhus rulleskibane.
Kursmål: Utdanne trenarar for ungdom 15-16 år.
Målgruppe: Nye og eksisterande trenarar i klubbane.Tidlegare eller noverande aktive som ynskjer å ta trenarutdanning. Andre i laga som har interesse for eit slikt kurs.
Norges skiskyttarforbund ynskjer å satse på meir opplæring av trenarar og har bestemt at det skal arrangerast regionale Trenar-2 kurs. Skytedelen vart halden i Vik i juni med 17 deltakarar. No følgjer vi opp med ei ny kurshelg med vekt på skiteknikk. Dette er eit flott høve til å oppdatere seg på ny informasjon vedrørande trening og treningsopplegg. Kurset er delt i ein skytedel på 16 timar og ein skidel på 16 timar. Mykje av kurset er lagt opp til praksisøvingar der ein følgjer øktene på samlinga. Det er mogeleg å ta berre den eine delen og få kursbevis for denne etter at de har praktisert i ein sesong.
Kurshaldarar vert trenarane på samlinga for 15-16 åringar med Ann-Elen og Liv Grete i spissen.
Sjølve kurset vert gratis men det vert ein eigendel for å dekka kostnader med overnatting og måltid. Denne vert fakturert klubbane i etterkant. Vi har tinga overnatting til tilreisande kursdeltakarar på Skjelde hyttegrend 2 km frå stadion. De må ha med sengetøy.
Påmelding til Marit Hjelle på e-post: mar.hje@frisurf.no
Påmeldingsfrist 15. august
Har de har spørsmål om kurset ta kontakt med Erik telefon 472 77 146 eller Marit telefon 481 93 416. Endeleg program vert sendt ut seinare. Dette skal bli ei helg som skal vere til inspirasjon for alle som har med trening av denne aldersgruppa å gjere, -så meld dykk på!
Venleg helsing
Hordaland Skiskytterkrets v. Erik Vangsnes
Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins v. Marit Hjelle