Vi har fått gode tilbakemeldingar både frå løparar og kursdeltakarar etter denne helga i Vik. Tre unge seniorar sto for mykje av opplegget; Vegard Hansen, Erik-Sebastian Krogvig og Anders Vonheim. I tillegg fekk dei hjelp frå Svein Lasse Bødal og Arnt Ove Femsteinevik som begge hadde vore med som foreldre og trenarar på den sentrale Young star samlinga 14 dagar før.
Ungdomane fekk trent fleire gode økter etter ein samlingsplan som vart laga etter mønster frå dei sentrale Young star samlingane. Eit populært innslag var trening ståande skyting. For fleire var dette første gang med instruksjon på ståande.
Det vart jobba godt både på skytebane og i løypa heile helga. Jenter og gutar vart delt i to grupper på øktene. Vik- anlegget fungerte topp for denne samlinga med gode treningsanlegg og ei super skihytte på stadion med både overnattingskapasitet og plass til servering.
Det vart ei utfordring å få til trenarkurs med heile 17 deltakarar samtidig med ei stor samling. Kursopplegget vart også klart først eit par dagar i forkant. Det løyste seg fint med flinke instruktørar og ein positiv gjeng av ungdomar og kursdeltakarar.
Neste regionale samling for dei to fylka vert i Hålandsdalen 27.-29. august. Her vert det større fokus på det skitekniske og Trenar 2-kurs med vekt på ski og fysisk trening.