Med strålande sol, blå himmel og ganske mange varmegrader i solveggen, var det berre å sleppe skuldrane ned og koses seg. Det var sikkert fleire enn eg som lurte på om dette er ein forsmak på påskeveret... Til og med printeren til Nils Magne fann det for godt å virke. Og den nye rådmannen i Eid - Ørjan - overgjekk seg sjølv bak mikrofonen i speakerbuda.
Etter den vanlege premieringa, utdeling av premiar i krinscupen og overlevering av dagens ugle, trekte krinsstyremedlem Hildegunn Midthjell Gjørven ut ekstrapremiar på startnummera. Ho retta og ei stor takk til Stårheim IL som tok utfordringa med å skipe til renna på svært kort varsel. Til sist takka ho for denne fantastisk flotte sesongen og ynskte alle vel heim og velkomen tilbake når den nye sesongen startar. Dagens fotoalbum er heller ikkje å forakte. Det finn du
her.
No er det berre Noregscupen i Drangedal som står att for dei eldste og Bendit Liatoppen for dei yngste.
Resultat: Nybegynnar-10 år,
Sprint 11-12 år og
Jaktstart.