Sogn og Fjordane sitt bronselag i NM MIX stafett. Foto: Svein-Inge Wold, Vik IL

Sterk NC-avslutting på Gautefall! 

28.03.2010 
 
Facebook ikone Twitter ikone
Utskriftsvennlig visning
Tips en venn Nils Ola Strand 

Det vart medaljar til skiskyttarane i NC5 og! Mellom anna vart det bronse i NM MIX stafett!

Fredag var det Sprintdistanse. Her kom Johannes Thingnes Bø (Markane), Asbjørn Wold (Vik) og Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) inn på kvar sin knallsterke 2.-plass! Jarle Midthjell Gjørven (Markane) gjekk inn på 4.-plass og Ivar Steffen Nord (Stårheim) på 8.-plass - for å nemne dei som kom mellom dei 10 beste.
Laurdag var det Fellesstart for dei 30 beste og Prolog/Supersprint for dei andre. I fellesstarten kom Linn Kathrin Bakke (Stårheim) inn til 2.-plass, Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) til 4.-plass, Asbjørn Wold (Vik) og Ole Martin Erdal (Førde) på 7.plass, Johannes Thingnes Bø (Markane) på 8.-plass og Pål Andre Skrede (Hardbagg) på 10.-plass. Isak Fotland Fænn vart nr 1, Runar Netland nr. 2 og Espen Flo Bødal nr. 3 i Supersprinten.
Søndag var det NM i MIXstafett med i jente og to gutar på kvart einaste lag. Her vart det bronsemedalje til eitt av dei 5 laga til Sogn og Fjordane, berre 3 små sekund frå andreplassen! På dette laget gjekk Linn Kathrin Bakke, Asbjørn Wold og Håvard Gutubø Bogetveit.
Du finn komplette resultatlister for alle tevlingane i menypunkt "Termin- og resultatliste"